Helse,miljø og sikkerhet
Klubbens HMS ansvarlig: Styremedlem Dag Apalseth
Kontakinfo.:
Mob: 906 84 899
E-post: dag@apalseth.no / post@safeiodfjell.com
Helse-, miljø og sikkerheit har heilt sidan starten i 1977 stått sentralt i SAFE. Vi hevdar at ingen andre fagforeiningar, verken i Nordsjøen eller på land, har hatt eit større fokus på HMS enn SAFE.
SAFE har også vore den mest aktive fagforeininga når det gjeld å ivareta arbeidstakarane sine interesser i regelverksutvikling. SAFE har synleggjort skift- og nattarbeidsproblematikken. Utfordringar kring aldring særleg relatert til sikkerheit og pensjonsalder har vore i fokus i over 20 år. SAFE har heile tida stått fremst i kampen for ein forutsigbar og fleksibel pensjonsordning frå 57-62 år på norsk sokkel.
SAFE i Odfjell ynskjer å vere ein aktiv bidragsytar til eit betre arbeidsmiljø. Difor ynskjer vi at medlemmar eller andre som treng hjelp eller informasjon i HMS-saker tek kontakt med HMS-ansvarleg eller klubbkontoret.